Kjærleik for handverket

Ukens kudos kommer også fra Vestlandet, nærmere bestemt fra JAHJAH Studio. Et designsamarbeid mellom tre samfunnsengasjerte designere lokalisert i Bergen.

81159 99d78 original
Weaving Nina, av Ole Marius Tørrisen. Foto fra instagramprofilen @oletorrisen.
81162 85f1e original
Weaving Nina, av Ole Marius Tørrisen. Foto fra instagramprofilen @oletorrisen.
81165 4dc4f original
Tekstilkunstneren Hannah Ryggens, «Potteblått».

JAHJAH Studio fra venstre: Aurora Bergmark, Hanne Gabrielsen og Johanne Karlsrud

JAHJAH Studio

er Johanne Karlsrud, Aurora Bergmark og Hanne Gabrielsen. Eit designsamarbeid med normkritisk fokus og med grafisk design som verktøy. JAHJAH Studio legg vekt på konsept og humor i deira metodikk, og deira estetikk kan beskrivast som strukturert maksimalisme. Dette er eit ungt, feministisk samarbeid med base i Bergen.

– Mange takk til Benjamin for gode ord, og for vist interesse!

Fortell om én eller flere norskproduserte jobber dere er glad i.

Me inspirerast mykje av fysiske arbeid og det som vert til med skaparglede som motivasjon. Den grafiske designaren bak Weaving Ninja, Ole Marius Tørrisen, brukar historisk teknikk for å skape design, som drivkraft finns kjærleik for handverket. I det som i dag kallast handverk eller kunst er det mykje designinspirasjon å finne! Hannah Ryggen tykkjer me er ein kunstnar, designar og skapar som framleis er relevant i samtida til tross for at ho var aktiv for nesten 100 år sidan.

Nevn et eller flere inspirerende internasjonalt/utenlandsk arbeid dere gjerne skulle ha lagd selv.

– Me ynskjer me hadde laga fanzinen til britiske Born N Bread. Ikkje berre fordi me vil vere like koole som dei, men fordi deira design inneheld ein direkteheit og ei unik eiga stemme som gjennom form fortel betraktaren at desse damene kan snakke for seg sjølv.

– Arbeidet World White Web av Johanna Burai er eit prosjekt der grafisk design og bilde seier det sjølvsagde, men som likevel går ein forbi. Eit tydelig og viktig prosjekt, som belyser korleis bilder og form i vår kvardag framleis kan vere farga av utdaterte normer utan at me bevisst legg merke til det.

www.worldwhiteweb.net


Hvem vil dere sende stafettpinnen videre til, og hvorfor?

– Me vil sende stafettpinnen vidare til den sjarmerande Jessica Williams frå Hverdag Books! Etter eit inspirerande og gøy innlegg på Bergen Art Book Fair er me interessert i å høyre meir frå ho.