Kunstkudos fra Jæren

Kunstneren Inka Léontine fra Jæren utfordrer ideer om kroppen og hva det vil si å være kvinne gjennom forsiktige blyantstreker. Her benytter hun anledningen til å fremsnakke kunstnerkollega Solveig Lønseth samt amerikanske Lisa Schonberg og Aidan Koch.

Kunstner Inka Leontine.

Inka Léontine kjem frå ei lita bygd på Jæren, og bur for augneblinken i Oslo. Ho har tatt kunstutdanninga si ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Forutan fleire sjølvpubliserte fanziner, har teikneseriane og illustrasjonane hennar vorte publisert i fleire antologier i både inn- og utlandet. Nå studerar ho Kjønnsstudier på Uio samstundes som ho arbeider med sin aller fyrste grafiske roman for forlaget Jippi. Arbeida hennar har eit uttrykk som gjennom forsiktige blyantstreker utfordrar idear om kroppen og kva det vil seie å vere kvinne.


Fortell om én eller flere norskproduserte jobber du er glad i 

– Eg vil framheva prosjektet 3_NDY av Solveig Lønseth. Lønseth har funne båtflagg brukt til signalisering på havet, og sydd dei saman til vesker. Ikkje berre er dei estetisk vakre, men kvar av dei har ei spesiell tyding, og det endelege produktet vert ei minimalistisk, meiningsfull, trendy og anvendbar veske med smarte detaljer. Det eg likar så godt med dette prosjektet er at veska kan nyttast på mange ulike måter: ho kan fungere som praktisk veske på ulike måter, dekorasjon på kroppen eller hengande på veggen. Verket har ei tydeleg knytting til havet, og oppmuntrer til tanker rundt kommunikasjonen mellom menneske, kva signaler ein sender og konsekvensene av dei. Har signal ei rein praktisk nytte eller finst der andre nytter også? Det er fint å tenkje på at alle veskene har ei tilknytting til kvarandre som gjer at ein førestille seg dei potensielle møtene og signala mellom menneskene som har kjøpt og nytter seg av dei.

ECHO «I am altering my course to starboard». Foto: Solveig Lønseth.

Litt mer bakgrunnsinformasjon om prosjektet, fortalt av kunstneren selv:

– Arbeidet med 3__NDY startet da jeg skulle gjøre en soloutstilling i Tallin ved den nomadiske visningsplatformen Rundum. De viser kunsntere på ulike steder rundt om i byen, og min utstilling ble holdt i et nedlagt butikklokale som hadde solgt vesker. På vinduet sto det med rød logo: Trendy Bags. Jeg beholdt logoen og åpnet en temporær veske-shop hvor jeg solgte en limited edit av bags som matchet lokalets farger; kremgul slangeskinn (fake) med rødt transportbånd som hanker. Senere utviklet jeg konseptet og merket, og gjorde en vinteredit sent 2015: 3__NDY MOTH, som er en funksjonell bag i refleks - som kan brukes både som sekk, veske eller rulles opp som magetaske. Denne finnes det kun ti av, og to av de har blitt testet i en ekspedisjon til Nordpolen. I sommer ble jeg invitert til Galleri Slursula sin designfestival med 3__NDY. Til festivalen sydde jeg bags av de internasjonale maritime signalflaggene; 3__NDY SIGNAUX. Signalflaggene symboliserer bokstavene i alfabetet, og hver bokstav/flagg symboliserer meldinger, enten heist alene eller i kombinasjon med andre flagg. Det finnes én bag for hver bokstav, forteller Lønseth.

Nevn et eller flere inspirerende internasjonalt/utenlandsk arbeid du gjerne skulle ha lagd selv.

– Eg trur at kunst og design er såpass individuellt villkårsbunden at det er umogleg å førestille seg å ha skapa noko ein annan kunstnar har skapt. Når det er sagt, så skulle eg gjerne laga eit liknande prosjektet som «The Hylaeus project» av Lisa Schonberg og Aidan Koch frå USA. 


– Dei utfordrar tanken om kva kunst kan vere då dei inkluderar musikk, teikning, fotografi, biologisk feltarbeid, samt skriving, i eitt og same prosjekt. Schonberg og Koch reiste til Hawaii ein månad i 2013 for å dokumentera den Hawaiiske bia Hylaeus, som resulterte i ei bok og ein kassett, samt fleire førelesingar. Eg er veldig oppteken av korleis menneske relaterer til kvarandre på denne kloden, og samspelet mellom natur og menneske. Eg trur me er sterkt påverka av det som skjer i naturen, og difor gjev det meining å undersøkje og setje fokus på det som skjer med verdas små organismer i samband med menneskenes kreative uttrykk. Vonar me ser meir av dette i framtida, og at fleire omfamnar eit multidimensjonalt kunstuttrykk som også har i omtanke det fotavtrykket me set igjen, og tydinga det har for oss som menneske i naturen.

Hvem vil du sende stafettpinnen videre til, og hvorfor?

– Eg sender stafettpinnen videre til Ane Krogseth fordi ho er ein veldig god kuratør og ein fantastisk fotograf og kunstner som har vore med på å gjeve kunstmiljøet i Noreg eit bra feministisk dytt.

Kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Logg inn eller opprett en konto for å være med i diskusjonen.