Juletentamen norsk sidemål

Et debattinnlegg forkledd som en tentamensoppgave: Grei ut og drøft om det var politisk korrekt av reklamebyrået Try/Apt å lure den internasjonale reklamejuryen til å tru at Arbeidarpartiet hadde gjort eit brakval.

41296 477eb original

I samband med årets valkamp lanserte Arbeidarpartiet reklamestuntet «Taxi Stoltenberg». Reklamestuntet vann nyleg ei rekkje prisar i den europeiske reklametevlinga «Eurobest», til stor glede for reklamebyrået som stod bak stuntet, Try/Apt.

Etter 01:47 i case-filmen som du finn på denne lenkja, fekk den internasjonale juryen som skulle vurdere reklamearbeidet, sjå ein jublande glad Jens Stoltenberg og ein tekst som sa følgjande: «And at Election day the Labour Party won back the position as Norway's biggest political party.» Her var det meint å skulle gje inntrykk av at Arbeidarpartiet var den store valvinnaren, mykje takka vere nettopp reklamestuntet «Taxi Stoltenberg».

Utlendingar flest interesserer seg lite for norsk politikk, og kunnskapsnivået om norske politiske forhold var derfor naturleg nok lågt, også blant dei utanlandske reklamefolka som skulle vurdere dei ulike reklamearbeida under årets «Eurobest». Dei hadde derfor ingen føresetnad for å vete at årets valresultat var det nest dårlegaste nokosinne for Arbeidarpartiet etter 1927, at partiet gjekk ned 4,5 prosent frå førre stortingsval, at dei mista ni stortingsmandat og regjeringsmakta – og at jubelen til Jens Stoltenberg ikkje hadde noko som helst med valresultatet til Arbeidarpartiet å gjere.

Dei hadde heller ingen føresetnad for å vete at Arbeidarpartiet har vore det største partiet i Noreg ved alle vala frå 1927 til og med 2013 – eller at Kjetil Try fyrst vart fødd i 1959, og at han og byrået hans derfor ikkje godt kan ta på seg æra for Arbeidarpartiets lange rekkje som Noregs største parti.

Dei kunne heller ikkje vete at Arbeidarpartiet eit utal gonger undervegs i mange av valkampane opp gjennom historia ikkje har vore Noregs største parti, men så har snudd dårlege meiningsmålingar til kraftig oppgang på sjølve valdagen – noko som kjem av at mange nordmenn har tradisjon for å oppgje andre parti til meiningsmålingsinstitutta i forkant av valet, men oftast vel trygge og føreseielege Arbeidarpartiet på sjølve valdagen. Dei utanlandske jurymedlemmene fekk med andre ord aldri vete at årets valkamp og årets valresultat på langt nær var nokon suksess for Arbeidarpartiet.

«Taxi Stoltenberg» var eit reklamestunt som beviseleg skapte mykje merksemd rundt Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet, både innan- og utanlands. Slik merksemd er ein av parametrane ein reklamejury vurderer. Ein annan er dei faktiske resultata denne merksemda skaper – noko reklamebyrået bak «Taxi Stoltenberg» sjølvsagt veit. Det er òg derfor dei har valt å ikkje berre nemne dei positive tala frå meiningsmålingane rett etter at reklamestuntet hadde byrja å spreie seg i sosiale medium. Dei vil i tillegg ha juryen til å tru at sjølve valet var ein stor suksess, sidan valresultatet trass alt er det einaste det er verkeleg relevant å skryte av når ein lagar valkampreklame.

Grei ut og drøft om det var politisk korrekt av reklamebyrået Try/Apt å lure den internasjonale reklamejuryen til å tru at Arbeidarpartiet hadde gjort eit brakval.

Kan det heile seiast å vere ei form for valfusk – når ein jury må velje ut reklamearbeid basert på falske premissar? Får reklamefolk som sjølve kvar dag gjer sitt beste for å manipulere vanlege menneske, som fortent når dei sjølve blir manipulerte i jurysamanheng?

Odd Einar Hennøy er tekstforfatter i Alle Gutta.